Nyheter 
Fotballinja til Kristiansand for å delta på Indoor Football Scandinavia
Referat fra guttenes fotballkamper kan du lese her ![]()
I helga reiste fotballinja til Kristiansand for å delta på Indoor Football Scandinavia.
Etter det vi hadde forstått utifrå heimesida til IFS, så skulle dette vere ei ganske så stor turnering. Men når vi kom til hallen brast dette glansbiletet. Jentene havna i ein mixklasse fordi dei var det einaste laget påmeldt i den klassa, og det skulle vise seg at mixklassen berre bestod av mannfolk. Så jentene fekk meir enn nok å stri med!

Fyrste kampen var rett og slett elendig! Dette trur vi var veldig psykisk, alle stressa og ingenting fungerte som det skulle. Gutane vi spelte mot leika med oss, og vi låg nede som halvdau sild på en låvebenk! Stemninga vart ganske amper i løpet av kampen, i staden for å snakke saman, så kjefta alle på kvarandre. Heldigvis varte kampen berre i 14 lange minutt, men sant skal seiast; Hadde vi klart å roe ned, så kunne vi klart å score minst eitt mål!
Andre kampen gjekk bedre. Vi stressa fortsatt mykje, men vi byrja å finne plassane våre og bevege oss betre. Vi byrja å komme over den psykiske kneika, og pussa støvet av musklane våre slik at vi vann eit par duellar. Det tok faktisk eit par minutt før mannfolka (som forresten hadde såpass med år i bagasjen at dei kunne vore fedrene våre) scorte det fyrste målet. Og fleire mål skulle det bli, for vi lot oss lure gang på gang. Vi kan prøve å skulde på livserfaringa, men det trur eg ikkje strekk til. Vi vart rett og slett spelte ut! Men sant skal seiast, vi spelte betre enn fyrste kampen. Denne kampen kom vi faktisk til eit par målsjansar! Mål for dei to siste kampane: Vi skulle klare å score eitt mål!!
Tredje kampen, den vann vi faktisk! No sit sikkert du som les dette å klør deg i hovudet og undrar deg over korleis dette kunne skje? Møtte vi Tufte-laget? Betalte vi nokon til å la oss vinne? Eller gjekk vi berre rett og slett langt inn i oss sjølve og henta fram dei ville skillsa våre?:) Eller, vann vi på walkover fordi det andre laget ikkje møtte opp? Dette forblir uvisst.
Siste kampen, alle jentene var skjerpa. Desse skulle vi ta! Vi skulle i alle fall gje dei sopass med motstand at dei kjende det! Dommaren blåste, tida var i gong og jentene kjempa! Steikje de og hoppe sa gåsa tenkjer du vel no??? I periodar viste vi faktisk tendensar til godt spel! Vi takla gamlekarane, og finta oss forbi! Når vi roa ned, og byrja å spele fotball, så var det karane som vart springande i mellom. Flott igongsetjing av keeper, nydeleg veggspel oppover på sida. Dette er ord du som les skal hugse på!
Dessverre klarte vi å rote vekk ballen framfor mål, for då vert vi usikre og tar feil avgjersler. Dette er noko som må terpast på.
Trass stortap i tre av kampane, så hadde vi ei flott helg. Vi har lært mykje om oss sjølve som fotballspelarar, kva vi må øve meir på og korleis motivere seg til å jobbe på mot nokon som er mykje større og sterkare enn deg sjølv. Dessutan vil eg tilføye at vi faktisk var det beste damelaget i Gimlehallen denne turneringa, ingen tvil om det! Vi har òg fått eit betre samhald på linja, så sosialt sett har denne turen vore topp bunkers! Eg vil avslutte med eit numedalistisk dikt nokre av jentene skreiv på vei ned:
Numedal family <3
Vi dro fra Numedal,
vi skulle spille futsal.
Veien var lang,
i fra radioen det klang.
Høyt og skingrende vi sang,
med brus og godis i våre fang.
Vi gleder oss til å komme ned,
til å se hva det er for et sted.
Utover byen skal vi skue,
de andre jentene burde seg grue!
Med eller uten ball,
vi er forberedt på knall og fall.
For turneringen skal vinnes,
det er i oss alt motet finnes.
Veien har vert lang og ikke uten ubehag,
men vi står fortsatt sammen som et lag,
fotball er jo vårt spesialfag!
Som søster og bror,
der vi alle bor.
Vi er glade i hverandre,
derfor skal vi sammen vandre.
Til topps på pallen,
i Gimlehallen…
For alltid – Numedal family! ![]()


