Idrettsskolen Numedal folkehøgskole er Norges eneste idrettsfolkehøgskole. I idrett er det viktig å kunne yte sammen med andre – slik er det også på Idrettsskolen. Vi gir deg opplevelser, utfordringer og setter deg i situasjoner som gjør at du blir mer kjent med deg selv.
Nyheter 
Jackson i bygda
Etter ein lengre linjetur enn planlagt, kunne vi endelig starte på ei ny og normal veke igjen her i Numedalen. Vi dansejentene var så heldige å få besøk av ein tidlegare medelev av Linda, Christer Sjøli. Han underviste oss i Michael Jackson-stil.

Ryktene har lenge gått om besøket, så fleire elevar frå dei andre linjene hadde store ønsker om å få delta i desse timane. Dessverre hadde me ikkje plass til meir enn to, og det vart Martin og Nicolaj frå Jibbing.

Christer er berre 18 år, men imponerte stort for sin alder! Han lærte oss ein koreografi til sangen ”Dangerous” av Michael Jackson. Mykje av koreografien hadde han henta frå Jackson, men han hadde og tatt med eigne trinn og idear.

Dansen var veldig morosam, men til tider gjekk det så fort at det var ikkje alle av oss som klarte å henge med. Vi delte oss inn i grupper og fekk sjå kvarandre opptre. Vi blei mykje betre etterkvart!

Alle var svært ivrige, og aldri før har tida gått så fort. Vi ville gjerne behalde Christer her enda lengre og lære enda meir. Men han er ein travel gut som går på skule sjølv, så måtte nok dessverre dra igjen ganske fort.

Etter timen kunne du høyre kommentarar som ”Dette her er betre enn det vi hadde på Pineapple” og ein god del kommentarar om kor flink Christer er. Han har blant anna vore dansar på Melodigrandprix junior og Grease, og var sist aktuell i High School Musical on stage.

Takk for besøket Chris! ![]()

Oda

