Idrettsskolen Numedal folkehøgskole er Norges eneste idrettsfolkehøgskole. I idrett er det viktig å kunne yte sammen med andre – slik er det også på Idrettsskolen. Vi gir deg opplevelser, utfordringer og setter deg i situasjoner som gjør at du blir mer kjent med deg selv.
Tilbake til Nyheter 
Blomstringstur i Sognefjorden
Sogndal Folkehøgskole inviterte til IKV-samling i år. Vi var så heldige å få vera med. 17 Folkehøgskolar var representerte, kontorpersonale, kjøkkenpersonale, vaktmester, reinhaldspersonale og internatledere var tilstede.

For oss, som er skulen sitt ”praktiske personale”, var dette ei viktig samling. Vi hadde stort utbytte av å møte andre som jobbar med det samme, og drog nytte av erfaringsutveksling ift arbeidet vårt. I tillegg til å møte andre folkegøgskole-kollegaer, hadde vi gode foredragsholdere.
Cand.polit i psykologi, Ruth Velsvik frå Fana Folkehøgskole hadde ein heil dag med temaet ”Positiv psykologi i kvardagen”. Eit interessant tema om kommunikasjon, med følgende undertema: ”Den gode samtalen”, ”Det gode livet”, ”God helse – som følge av positiv kommunikasjon”, og ”Det å skape positive følelser”,- samt å bruke dei.
Videre handla det mykje om å hente fram kvar og ein sine gode sider, og korleis styrke dei ulike karakterane. –Og korleis ein får kunnskap om seg sjøl, gjennom kommunikasjon med andre. Ein har både makt og mulighet til å styrke andre sine sterke sider.

Eit anna viktig tema var Arbeidsplanlegging, Arbeidsplanar og turnusordningar. Eit folkehøgskuleår er eit spesielt arbeidsår, og vi hadde gjennomgang/ oppfrisking av lover og reglar der Hovedteriff-avtalen og arbeidsmiljøloven stod i fokus. Hallvard Smørgrav og Lise H Mathiesen frå Skiringssal Fhs stod for presentasjonen.
Vi hadde også eit kort møte med Knut Simble og Rune Sødal frå NF
Det var ellers gode kulturopplevelser å få med seg. Bl.a Møte med heimstaden til Gjest Baardsen i Sogndalsfjøra, Båttur på Lustrafjorden med innlagt besøk i Urnes gamle stavkyrkje, og visesang rundt bål og badestampar.

Takk for flotte dagar i Sogndal!
Elin, Ingeborg og Marita

